Westcon er kåra til vinnar av Årets Leanprosjekt for forbetringsarbeidet som er gjort ved røyrlageret på verftet i Ølensvåg.
Det var deltakarane på den årlege konferansen i regi av Lean Forum Norge som stemte frem Westcon-prosjekt som vinnar i konkurranse med seks andre nominerte. Prisen har som føremål å skapa motivasjon og entusiasme for Lean, og i går delte Nærings- og handelsministeren ut prisen til årets leanverksemd.
Inspirasjon
— Innføringa av lean har gitt oss enda meir effektive arbeidsprosesser, noko som kjem kundane til gode. På vegner av konsernet er eg stolt over å få ei slik heider. Det gir inspirasjon til å fortsetja dette viktige arbeidet, seier Arne Birkeland, konsernsjef i Westcon.
Lean er ein produksjonsmetodikk som handlar om å produsera produkt og tenester med mest mulig nytteverdi og minst mulig tap av tid og ressursar ved å optimalisera arbeidsprosessane.
Uklar rollefordeling
Innføring av lean som produksjonsteknikk har vore eit satsingsområde i Westcon det siste året, og hausten 2012 tok røyrlageret i bruk lean-verktøy i sitt forbetringsarbeid. Det ble raskt registrert ein positiv effekt både på effektiviteten og arbeidsmiljøet.
— Utgangspunktet for røyrlageret var ei mangelfull forståing av forbetringsarbeid og ei uklar rollefordeling. Dette er i dag endra til det motsette og me har oppnådd svært gode resultat som følgje av ein meir effektiv arbeidsprosess, seier Jan Hilt, leiarfor logistikk og anlegg ved Westcon Yards i Ølensvåg.