Førskuleborn på tur. Hanne Jorunn Helgevold (t.v.), Daniel Espedal, Milla Larsen, Jenny-Alice Trovåg, Ella Winterhus, Sølve Håland Gjerde og Amalie Vestre. Foto: Jon Edvardsen
Førskuleborn på tur. Hanne Jorunn Helgevold (t.v.), Daniel Espedal, Milla Larsen, Jenny-Alice Trovåg, Ella Winterhus, Sølve Håland Gjerde og Amalie Vestre. Foto: Jon Edvardsen

Bygdestreif: Vikebygd

Sjå dei første bilda!

Me har kome til Vikebygd i Grannar-serien «Bygdestreif». I samband med vårt 40-årsjubileum har me sett mål av oss å gjennomføra 13 fotoreportasjar i løpet av året for å skildra bygdene i kommunane Vindafjord og Etne.

Tidlegare har me presentert Stordalen, Vats, Åkrafjorden, Ølensvåg, Sandeid, Skånevik, Vikedal, Skjold, Bjoa, Imsland og Etne, og no har turen komen til Vikebygd i Vindafjord kommune. Reportasjen stod på trykk i Grannar nr 90, som kom ut torsdag 5. november. Nå inviterer me lesarane våre til å senda oss bilde frå Vikebygd. Bilda vil bli publiserte i eit eige fotoalbum i nettavisa.

Vil du dela eit bilde frå bygda di med andre, send det i ein epost merka «Etne» til foto@grannar.no. Ta òg med ein liten tekst, samt namnet på fotografen.