Meir jubel for rektor Marion Kallevik og elevar ved Etne vidaregåande skule. Arkivfoto
Meir jubel for rektor Marion Kallevik og elevar ved Etne vidaregåande skule. Arkivfoto

Etne vgs blir styrka

Avtale med Rogaland om samarbeid.

Klassetilbodet ved Etne vidaregåande skule blir vesentleg styrkt frå neste skuleår. Skulen får 57 nye elevplassar og det vert gjort nytt forsøk på å få i gang Vg1 idrettsfag.

Dette er klart etter vedtak i Hordaland fylkesutval i dag i ei sak om justering av klassetilbodet for skuleåret 2014/15.

— Det er svært gledeleg at me etter gode drøftingar har blitt samde med Rogaland fylkeskommune om fordeling av tilboda mellom Etne og Ølen vidaregåande skular, uttaler fylkesordførar Tom-Christer Nilsen i ei pressemelding.

Utvida samarbeid

Fylkesordføraren seier at avtalen som er inngått, vil føra til ei solid styrking av Etne vgs alt frå skuleåret 2014/15.

— Me skal også arbeida vidare med utvikling og organisering av dei to skulane for å styrkja det totale tilbodet til elevane i denne regionen, seier Nilsen.

 vil også bli gjort eit nytt forsøk på å få i gang Vg1 idrettsfag ved Etne vgs frå hausten 2014/15

I tillegg til at Hordaland og Rogaland fylkeskommunar er samde om tilbodsstrukturen for komande skuleår, vil dei også samarbeida på ei betre måte om tilbod av programfag ved dei to skulane. Målet er at dette skal vera på plass til skuleåret 2015/16. Det kan då også bli andre endringar i tilbodsstrukturen, heiter det i pressemeldinga.

Idrettsfag

Fylkesordføraren i Hordaland opplyser også at det vil bli gjort eit nytt forsøk på å få i gang Vg1 idrettsfag ved Etne vgs frå hausten 2014/15. Klassen som blei oppretta i 2012 kom ikkje i gang dette skuleåret på grunn av for få søkjarar. Noverande skuleår er det berre Vg2 idrettsfag ved skulen.

— Opplegget nå er at det frå neste haust vert tilbod på alle tre klassetrinna, seier Nilsen.

Design

Vg2 Interiør og utstillingsdesign blir oppretta på grunnlag av at skulen i Etne har tilnærma full klasse på Vg1 Design og handverk i nåverande skuleår. Tilbodet vart lagt ned våren 2013 grunna liten søknad, men elevgrunnlaget frå Vg1 i år gir grunn til å tru at det vil vera søkjarar nok til Vg2 skuleåret 2014/15.

Vg3 Allmennfagleg påbyggingskurs

For skuleåret 2014/15 er Rogaland og Hordaland fylkeskommunar samde om å tilrå oppretting av 15 elevplassar på Vg3 Allmennfagleg påbyggingskurs for søkjarar med fagbrev ved Etne vgs. Tilsvarande vert talet på elevplassar i på ordinært Vg3 Allmennfagleg påbyggingskurs redusert med 15 elevplassar.

— Dersom det viser seg at det etter denne omlegginga vert for få ordinære elevplassar på Vg3 ved Etne vgs, blir det opna for at det kan kjøpast plassar til desse ved Ølen vgs, heiter det i pressemeldinga frå Hordaland fylkeskommune.