Audhild Heggen har ein pasjon for julenissar, og strikkar både nissar og nisseklede året rundt.
Foto: Grethe Hopland Ravn
Audhild Heggen har ein pasjon for julenissar, og strikkar både nissar og nisseklede året rundt. Foto: Grethe Hopland Ravn

Hekta på julenissar

Ho har kjellaren full av eigenproduserte nissar.

I dei fleste stover dukkar det i desse dagar opp julenissar i diverse variantar. Audhild Heggen (66) har nissane framme gjennom heile året – i tre rom!

I den tredelte kjellarstova til den pensjonerte butikkdama i Ølen kjempar nissedamer, nissemenn og nissemus om plassen. Ikkje så unaturleg nå i desse førjulstider kan ein gjerne tenkja, men for Heggen er det ikkje berre på denne tida det er julestemning i kjellaren. Her får dei stå året rundt, og felles for dei fleste er at den spreke pensjonisten enten har laga heile nissen, eller kleda han har på seg.

har eg landa på at stova mi får vera nissefri sone – i alle fall i år

— Eg har stor interesse for handarbeid i alle variantar, men eg likar spesielt godt arbeidet med nissane, seier Heggen.

Det er ikkje vanskeleg å sjå, for nissane rundt omkring i stova er prega av sjel. Ei nissekone sit med strikketøyet i fanget, mens nissefar ved sida av har grautskål og skei i handa. Ei anna nissekone står bak ein symaskin og det ser ut til at ho gjer seg klar til å sy, medan eit nisseektepar sit i ein gamal opprusta kjelke. Ein kan nesten levande førestilla seg at dei kappast med reven i å raska over isen.

Gamle ting

Tre små rom har Audhild Heggen disponert til nissane sine. Samstundes som ein går inn i det vesle nissemuseet hennar, er det som om ein også går hundre år tilbake i tid. Gamle ting og reiskapar er noko som fascinerer henne veldig, og ho har til fulle utnytta den kreative delen av hjernen når ho har laga til utstillinga si.

I tillegg til den gamle kjelken kan ein også finna ein separator, ei smørkinne, ein liten spark, ein kakkelomn og ein gamal vedfyringskomfyr. Alt frå første halvdel på 1900-talet, kanskje enda eldre. Nissane har fått sin naturelge plass blant alt dette gamle, og ein kan oppleva at nostalgien kjem krypande tett på kroppen.

Kurs 

Interessa for nissar har Heggen hatt lenge. For over 20 år sidan melde ho seg på sitt første nissekurs, der dei lærte seg å laga Isolde-nissar. Her laga dei ikkje berre kleda til nissen, men også både kropp og hovud.

— Det var eit svært omfattande og vanskeleg kurs, men det var lærerikt, seier ho.

Etter dette har ho gått to kurs til som berre handlar om nissar. Gjennom desse kursa har ho fått prøva å laga nissedokker med enten porselenshovud, tøyhovud eller strikkehovud.

Det er strikkinga som er den kjekkaste delen av hobbyen hennar, og det blir mykje strikking i løpet av eit år. Nokon gonger strikkar ho store nissar som ho tovar i etterkant. Andre gonger strikkar ho heile nissar med både klede og nisseluer, men oftast strikkar ho berre kleda.

Nissefri sone

I motsetnad til alle andre har ho kjellarstova si full av nissar året rundt, og i motsetnad til mange andre har ho absolutt ingen spor av nissar i daglegstova si.

— Eg har tenkt litt på å ta med meg nokre nissar opp i stova no i desember, men eg har ikkje gjort det enda. No har eg landa på at stova mi får vera nissefri sone i alle fall i år, ler ho og legg til at nissane må vera av dei raude nissane.

For ei stund sidan kjøpte ho inn både mønster og tråd til blånissar, men kvar gong ho tenkjer på å strikka ein blånisse mister ho lysta.

— Nei, julenissane må vera raude, seier ho.

Open dør

Heggen har ikkje noko konkret mål med nisseutstillinga si, anna enn at ho gjer det for sin eigen del. Ho har venninner som har oppmoda henne til å invitera barnehagar på besøk, men ho har ikkje kome så langt enda.

— Om barnehagar og ungar har lyst til å sjå, er det klart dei skal få lov til det. Det er berre kjekt, seier ho.