Chris Jespersen klar til neste renn i OL.  Arkivfoto: Svein Halvor Moe
Chris Jespersen klar til neste renn i OL. Arkivfoto: Svein Halvor Moe

Jespersen på pallen

Eit definitivt gjennombrot for skåneviksbuen.

Jespersen viste krefter i dagens World Cup-løp i Davos, og for første gong i sin karriere kapra han ein pallplass då han gjekk inn til ein strålande 2.plass i konkurranse med verdas beste.

Dette gir også skåneviksbuen ein sikker billett til OL i Sotsji i februar.

Det var berre franskmannen Maurice Manificat som var sterkare enn Jespersen på dagens 30 km friteknikk i Sveits og vann med 3,8 sekund.

Jespersen er nå 5. plass samanlagt i verdscupen, og heilt på toppen av distansecuppen i verssamanheng.

Les meir i måndagsutgåva av Grannar!