Chris Jespersen (30) blei nest beste nordmann under Tour de Ski første nyttårsdag. Han kom i mål på 11. plass i det 15 km lange klassiske løpet med fellesstart.
Martin Jonsrud Sundby gjekk klokt og tok full pott i kampen om innlagte bonuspoeng. Dermed gjekk han heilt til topps i samandraget og ligg godt an til å bli årets vinnar av det prestisjetunge rennet som blir avslutta sundag.
— Det er nå Touren startar, sa ein offensiv Jespersen til NRK like før start på dagens renn. Som kjent er han ingen sprintar.
Han gjekk ut med startnummer 15 som indikerte plasseringa i samandraget etter dei tre første konkurransane (éin prolog og to sprintar), 1.10.6 etter leiande Alex Harvey frå Canada.
Skåneviksbuen opna forsiktig, men gjekk seg stort opp på siste runde, og låg ei stund heilt i tet. Mot slutten blei han likevel forbigått av fleire løparar, og i mål måtte han sjå seg slått med ni sekundar av dagens vinnar, Alexej Poltoranin frå Kazakhstan.
Etter fire av sju konkurransar ligg Jespersen på ein sterk 8. plass i samandraget, 1.12.4 etter leiande Jonsrud Sundby. Torsdag er det kviledag og fredag blir nok ein god distanse for Chris Jespersen når Tour de Ski-løparane skal unnagjera 35 km i fri teknikk frå Dobblaco til Cortina.