Statens vegvesen startar i natt eit arbeid som får fylgjer for trafikkavviklinga på E134 gjennom Åkrafjorden. Fjæratunnelen, Langfosstunnelen og Glymjetunnelane skal få nye elektroinstallasjonar.
Eksisterande belysning skal skiftast ut, og nye naudskap skal installerast i tunellane. Arbeidet startar 20. januar og skal føregå fram til 15. juni.
På dagtid fram til midten av mars er det fri ferdsel frå kl 06.00 til 20.00.
Frå kl 20.00 – 22.00, blir det fylgjebil med opp til ein halv time venting. Frå kl 22.00 – 06.00 blir det open for trafikk med følgjebil kvar heile time.
Arbeidet påverkar ikkje trafikken laurdag og sundag.
Også Åkrafjordtunnelen blir berørt av arbeid i vinter. Tunnelen blir stengt på nattetid i samband med installasjon av digitalt naudnett. Dette arbeidet startar opp i løpet av februar.