Lensmannen i Etne og Vindafjord, Ingvar Gjærde presenterer stabile tal i sin statistikk for 2013. Auken ligg hovudsakleg innan trafikksaker, medan narko er på det jamne og langt lågare enn få år attende.
— Me hadde eit beinhardt narkomiljø lokalt for to – tre år sidan som me fekk gjort noko med. Det finst framleis sterke element av dette, og eg er engsteleg for at det skal kom attende, seier politiet sin øvste sjef i Etne og Vindafjord.
Heroin
I det store og heile er fjorårsstatistikken utan dei store utslaga frå året før. Vinningskriminalitet som er den største posten innan brotsverk med over 150 saker, har ein auke på 4,1 prosent. Innafor vald er det ein tilsvarande auke der det meste går på lettare saker som truslar og lekamskrenking. Grovare vald utgjorde fem saker, medan vald mot offentlege tenestemenn låg på same nivå (6).
Narkotika er den nest største sekkeposten innan brotsverk med 84 saker mot 78 året før. Mesteparten dreier seg om bruk og besittelse. Andreleddsaker som er meir alvorlege, var på tre, som er moderat samanlikna med for få år sidan. I 2011 hadde lensmannsdistriktet heile tolv andreleddsaker og 158 narkosaker totalt.
Trass stabile tal frå året før, er det element som bekymrar. Innan dop er det forventa auka, det er avdekka to kannabisplantasjar i løpet av fjoråret (Skjold og Ølen), og det er kjent at det sirkulerer ein del hasj, amfetamin, metamfetamin og GHB. I tillegg blei det beslaglagt heroin, truleg for aller første gong.
Fryktar blomstring
— Me er noko engstelege fordi me ikkje heilt har oversikt over omfanget av omsetninga, og for faren for at miljøet skal blomstra igjen. Her krevst det knallhardt arbeid med å førebygga og halda det nede.
Lensmannen er svært glad for at kommunane har gått saman om ein SLT-koordinator, ei samordning av lokale kriminalførebyggande tiltak, og ser det som avgjerande at denne stillinga blir prioritert framover.
fare for at miljøet skal blomstra igjen
— Liv Ellen Ebne gjer ein framifrå jobb. Det positive er at denne stillinga gir fleire formelle møteplassar der ulike organ kan snakka og jobba saman. Narkoutfordringa er svært omfattande med dagleg oppfølging av miljøet, og det berører skulevesenet, helsevesenet, arbeidslivet og det meste i samfunnet. Desse personane er storforbrukarar i det meste av ressursar, seier Ingvar Gjærde.
Trafikk
Innan mindre brotsverk (forseelse) er auken større, frå 294 saker i 2012 til 371 i fjor (+26,2 prosent). Trafikk utgjer brorparten av desse med 220 saker (165 året før), ein auke på 33 prosent.
Innan trafikk er det 31 (23 i 2012) saker med rus/promille, 14 (13) trafikkuhell med personskade, inkludert to omkomne, 38 (34) som er tatt for køyring utan gyldig førarkort og 51 (40) førarar anmeldte for å ha blitt tatt med grovare fartslovbrot.
I tillegg blei 40 (23) sjåførar anmeldte for brot køyre- og kviletida blant lokale firma etter tilsyn av Statens vegvesen.
Fleire kontrollar
I tillegg til narkotika og mobil vinningskriminalitet vil politidistriktet i 2014 ha sterk fokus på trafikkale forhold som fart og vogntog.
— Auken og omfanget av fartslovbrot står i sterk kontrast til dei mange kontrollane og som trafikantane veit er der. Trafikkauken på dei dårlege vegnettet er svær bekymringsfull. Difor vil me intensivera samarbeidet med UP, Statens vegvesen og Tollvesenet med nye kontrollar i år, seier lensmannen.