Av Svein Halvor Moe
Chris Jespersen trena i går for første gong på fem dagar. Det var ei forkjøling som førte til at skånevikbuen fekk eit ufrivillig avbrekk frå skisporet. NM ser dermed ut til å glippa for det lokale langrennsesset.
— Eg har forhåpningar om at eg skal rekka stafetten dersom ting utviklar som eg håpar dei neste dagane. Først og fremst fordi det er to andre Korlevoll-løparar som har sett frem til den i mange månader.
Dersom dei er i bra slag er det muligheiter for at eg set kursen for Lillehammer. Men eg vil ikkje ta sjansar dersom eg ikkje føler meg konkurranseklar. Dei svara vil eg først få når eg har testa kroppen på trening, seier Chris Jespersen til Grannar.
Ikkje optimalt
30-åringen har vore førebudd på at det kunne koma sjukdom i etterkant av Tour de Ski.
— Eg hadde naturligvis helst sett at eg hadde halde meg frisk og fått kjørt det løpet eg hadde lagt opp til. Eg har hatt behov for tid på å koma meg til hektene igjen de gongene eg har blitt sjuk i konkurransesesongen. Forhåpentlegvis så vil det gå fortare å koma tilbake denne gangen.
Når eg først blei sjuk, var det betre det skjedde nå enn på eit tidspunkt som hadde sett den eventuelle OL-deltakinga i fare. Det mest optimale hadde likevel vore om eg fekk dette nokre dagar tidlegare slik at eg var var klar til NM, seier Jespersen.
Til Seiser Alm
Tysdag kveld følte Skånevik sitt OL-håp seg betydeleg betre enn på laurdag. Toaren i prestisjerennet Tour de Ski hadde planar om å testa skia i går. Torsdag og fredag er det planlagt nye økter. Dersom kroppen dei neste dagane responderer så bra som han håper, er det likevel muligheiter for at Team United Bakers-løparen blir å sjå med startnummer på brystet i Lillehammer-traktene. Jespersen føler eit visst ansvar for lagkameratane som er veldig lystne på å visa seg fram i NM-stafetten. Men det er ikkje aktuelt å gambla med helsa.
— Eg reiser ikkje til Lillehammer utan at å vera sikker på at det vil vera positivt for meg med ei gjennomkjøring. Det er ikkje verdt å ta nokon sjansar som kan føra til at eg kanskje får tilbakeslag og i verste fall må droppa det komande høgdeopphaldet i Seiser Alm. Det er viktig med tanke på OL sjølv om eg alt har mange døgn bak meg i høgda i haust og vinter.
— Kan det bli aktuelt å utsetja avreisa til Seiser Alm ettersom du har vore sjuk?
— Eg får sjå kor fort eg kjem meg til hektene. Det blir ei fortløpande vurdering på kva som er best i forhold til OL. Den første helga i februar er verdscuprenn i Toblach. Eg har lyst til å gjera ein god figur der ettersom dette rennet kjem til å bli viktig i forhold til distanseuttaket i OL, seier Chris Jespersen.