Stenging utsett

Statens vegvesen kunngjorde tidlegare i veka at E134 ved Åkrafjordtunnelen ville bli stengt på nattetid frå måndag 20. januar i samband med installasjon av digitalt naudnett.

Nå viser det seg at denne stenginga med kolonnekøyring er utsett i tre til fire veker.

— Arbeidet er for så vidt kome i gang, men det er ein del bestilt utstyr som ikkje er kome, difor må me utsetja stenginga i nokre veker, Bjørn Arild Fossåen i Statens vegvesen.

Bømlafjordtunnelen, den andre tunnelen i distriktet som får installert naudnett i denne omgangen, fylgjer den annonserte planen med stenging og kolonnekøyring frå måndag av.