07-14-Revy Operasjon Lakafant - Sniker inn utstyr til Tolleiv -Bilete 1

Sterke debutantar

Revyen Operasjon Lakafant imponerte publikum.

Éin time og 20 minutt gjekk fort, fastslår Inga Apeland (52). Ho og rundt 160 skodelystne fekk seg eit flott revyshow i helga.

Det er like før teaterscena i Sandeid samfunnshus blir fylt med musikk og lys. Mange spente skodelystne står i kø for å finna sin plass i salen. Bak scena laurdag kveld ventar ein spent gjeng på å visa fram resultatet av alt arbeidet dei har lagt ned dei siste vekene.

veit at Jostein Apeland leverer kvar gong

— Eg gler meg veldig til å sjå kva dei har jobba med, seier ei spent Inga Apeland.

Ho har vore med i revyen tidlegare, men har fri dette året og skal kosa seg skikkeleg i salen.

— Eg veit at Jostein Apeland leverer kvar gong, og me set pris på alt arbeidet som han og dei andre legg ned i revyen til glede for oss, legg 52-åringen til og finn plassen sin i salen.

Lysa blir dimma ned og «Den finaste eg veit» kling fint ut i salen med røsta til Karoline Taraldsøy, og med det er stemninga sett for resten av kvelden.

Repetisjonsøving 


På scena blir me godt kjente med Tolleiv, Jimmy Embrik og Syver som skal på repetisjonsøving. Tolleiv er ein mors gut, og etter latteren frå salen å dømma, er figuren også deira favoritt på scena. Jimmy Embrik er ein festleg ungkar, med mang ein kjapp replikk på tuppen av tunga. Han har godt lag i Syver, som er sjeleglad for at repetisjonsøvinga sørgjer for at han er vekke den veka svigermor hans kjem på visitt.

Repetisjonsøving er noko som ikkje alle er like godt kjente med. Har du lurt på kva som skjer når ein gjeng vaksne mannfolk samlast i skog og mark til «liksom krig», er dette sjansen for eit lite innblikk. Operasjon Lakafant er skriven av Gol ungdomslag og tar utgangspunkt i Hellbillies sine songar. Kaptein Spjåk har ansvar for å få skikk på bøndene og har store planar om å få dei meir sofistikerte.

Revy for alle


— Du! Du må stå opp nå, for det er krig, ropar Jimmy til Tolleiv.

Det er klart for første dag og møtet med Kaptein Spjåk. Tolleiv tar på seg armringar og sykkelhjelm og er klar for både sjøslag og skallebank.

Slik går ei av scenene, og skodespelarane seier dei har kosa seg med både replikkar og songar under øvingane fram mot premieren.

— Eg meiner at det er ein revy for alle, seier Emil Tysnes Andersen (21).

Han gjer ein god figur i rolla som Jimmy Embrik og får skryt av mellom anna Irene Miljeteig (53) som følgde med i salen. 21-åringen har aldri vore på repetisjonsøving, men seier at dersom «rep» er som i dette revystykket, så hadde han sagt ja på dagen. Tysnes Andersen likar seg i teatermiljøet.

— Alle er så imøtekommande, seier revydebutanten.

Sterk

Ein annan debutant på scena er Mangor Bårdsen (31) som imponerte i rolla som Tolleiv.

— Eg er eigentleg litt overraska over at Tolleiv får så mykje betydning, då det er han som har minst replikkar, seier ein noko sliten debutant etter premieren.

Bårdsen ser på rolla som ein Mr. Bean-type, der mimikk står veldig sentralt. Songen «Biologisk Bonde» var ei utfordring for sandeidbuen som ikkje er vidare kjent med Hellbillies sine songar. Etter Operasjon Lakafant er han derimot blitt veldig godt kjent med songane til countryrockbandet frå Ål i Hallingdal.

— Kom og le, seier 31-åringen og oppfordrar folk til å få med seg førestillinga fredag kveld. Då er det late night framsyning følgd av ein pubkveld med Andersen & Skeie.