Landslaget for lokalaviser (LLA) er relativ tilfreds med fjorårets opplagstal som blei offentleggjort i dag. Rett nok går også lokalavisene sitt samla opplag noko ned, men lokalavisene står svært sterkt i befolkninga, skriv LLA i ei pressemelding.
Av over 100 medlemsaviser LLA kan rundt ein tredjedel av avisene gleda seg over at opplaget til papiravisene aukar i 2013. Samla sett går opplaget til lokalavisene ned med 0,8 prosent.
— Nærast oppsiktsvekkande
Generalsekretær Rune Hetland i LLA kommenterer opplagsutviklinga slik:
— Me gler oss over at lokalavisene framleis står sterkt på papir, samtidig som dei også satsar på digitale plattformer. Me skulle jo gjerne sett at gjennomsnittleg opplag auka, men ein tilbakegang på under éin prosent er vel nærast oppsiktsvekkande samanlikna med mange andre i avisbransjen. Dette viser at lokalavisene byr leserane på god og relevant journalistikk, og at folk er opptatt av det som skjer i nærmiljøet sitt, seier Hetland.
Dag og Tid er årets opplagsvinner blant LLA sine medlemsaviser. Den nynorske vekeavisa for kultur og politikk aukar opplaget med heile 450 eksemplar (4,9 prosent).
Blant LLA sine klassiske lokalaviser er Søgne og Songdalen Budstikke opplagsvinnar. Avisa i Vest-Agder aukar opplaget med 234 (7,6 prosent) og er dermed den typiske lokalavisa i LLA-familien som har fått flest nye abonnentar det siste året.
Med ein framgang på heile 17,1 prosent er Kyst og Fjord den av LLA-avisene som har størst prosentvis framgang. Avisa med hovudkontor i Kjøllefjord i Finnmark har gått fram med 224 eksemplar.
Lokalt
Lokalt er det både jubel og frustrasjon over utviklinga. Ryfylke og Tysvær Bygdeblad er vinnarane. Lokalavisa i Sauda auka sitt opplag med 103 (+4,0 prosent), medan Tysvær Bygdeblad greidde 102 i vekst (4,9 prosent). Også Suldalsposten hadde ei positiv utvikling i 2013; 26 i pluss (+1,1).
Grannar har stansa fem år med nedgang, og kom ut med same godkjent opplag som i 2012.
Bømlo-nytt er også blant mindretalet av LLA-avisene som auka, fram 96 (3,0 prosent), medan Sunnhordland på Stord hadde 138 i tilbakegang (-2,1 prosent).
Også Hardanger Folkeblad i Odda hadde nedgang, med 157 (-3,1 prosent). I Kvinnherad hadde båe lokalavisene tilbakegang; Grenda med 26 (-1,1 prosent) og Kvinnheringen 23 (-0,5 prosent).
Skrell for dei store
Mediebedriftenes Landsforening (MBL) sine tal viser ein nedgang i samla avisopplag på 97.000 for dei største avisbransjen. I prosent er fallet på 4 prosent for MBL sine papiraviser.
For første gong sidan 2009 har alle dei ti største papiravisene opplagsfall. Blant dei store taper VG mest terreng med 23.924 i minus. Dagbladet mista 8.515 eksemplar, som utgjer 9,6 prosent av papiropplaget, og blei dermed passert av Dagens Næringsliv som også gjekk tilbake (– 2.294).
Også landets største avis, Aftenposten går tilbake – med 5,2 prosent til eit opplag på 214.026 i 2013, medan nisjeavisene Morgenbladet og Klassekampen er blant dei få som aukar opplaget.
Lokalt har Haugesunds Avis ein ny stor tilbakegang. Samla opplag i fjor gjekk tilbake med 2.079 eksemplar til 24.073, som utgjer nær 8 prosent i minus. Til samanlikning hadde regionsavisa eit opplag på 34.811 for ti år sidan.
Stavanger Aftenblad fall i 2013 med 2.374 til 59.262, medan Bergens Tidende sitt papiropplag gjekk ned med 3.347 til 73.470.