Politiet melder onsdag føremiddag om fartskontroll på E134 på Knapphus. Som vanleg med kontrollar i 60-sona i Vats er det negativt resultat.
Resultatet denne gong var fire brot på fartsgrensa. To sjåførar mista førarkortet. Høgast fart blei målt til 88 km/t. Dei to andre sjåførane slapp med forenkla førelegg.