Stavanger tingrett avsa fredag dom i saka som Raunes Fiksefarm AS anla mot ConocoPhillips. Det er Haugesunds Avis som skriv dette.
Retten konkluderer med at saka er forelda. Som tapande part må saksøkjar ut med motparten sine saksomkostningar på nesten 1,2 millionar kroner.
Raunes Fiskefarm gjekk til sak mot oljegiganten som eigar av oljeinstallasjonar som er hogge opp ved AV Decon sin base i Vats. Saksøkjar hevdar at naboaktiviteten har påført dei og miljøet i fjorden, skadar.
Karl Johan Lier, som er styreleiar i Raunes Fiskefarm og sjef i Hatteland-konsernet, opplyser til Haugesunds Avis at dommen i tingretten blir anka.