SYSCO Finans lyser det på skilta i Ølen, der SYSCO har éi av sine sju avdelingar. Tor Magnar Kambe bygde opp ei slagkraftig bedrift innan rekneskap og løn for bedrifter, og gode løysingar for energibransjen, fram til han hausten 2012 valde å fusjonera med SYSCO i Haugesund.
— Det var bra for oss å få den kompetansen, ikkje minst med tanke på veksten me nå har sikta oss inn på, seier Frank Vikingstad, éin av gründerane bak it-suksessen som oppstod for ti år sidan.
Gigantisk it-prosjekt
Selskapet med 121 millionar i omsetning i fjor og over hundre tilsette, har ambisjonar om å få ein bit av noregshistorias største it-prosjekt. NVE har bestemt at innan januar 2019 skal alle landets husstandar ha bytta dagens straummålar og vera kopla til såkalla smarte nettbaserte målarar, kalla AMS som står for avansert målarsystem.
Dette inneber at straumen blir lest av automatisk, og at kunden t.d. kan følgja med på prisutvikling og bruka straum når den er billigast. SYSCO har kompetanse til å drifta slike system. Selskapet er alt inne i eit førebuande prosjekt for Statnett som skal bygga opp ein sentral database (hub) for smart straum.
— Samla snakkar me om investeringar inkludert utstyr på ein stad mellom 10 og 40 milliardar kroner. Med fokus på denne marknaden er vårt mål å veksa vidare, vera børsnotert innan ein tiårs-periode og ha ei omsetning på mellom éin og to milliardar, seier administrerande direktør Frank Vikingstad.
— Innovativ
Frå Ølen vil Tor Magnar Kambe ha ei viktig rolle i den vidare utviklinga, både som SYSCO-medeigar (i dag ca 8 prosent) og med sin spisskompetanse.
— Det var meir enn rekneskap og lønn som gjorde at me ynskte å få Kambe med på laget. Han har god forretningssans, har ein solid fot innafor energiselskap og er flink med innovasjon og it-løysingar mot energibransjen, seier Vikingstad.
SYSCO-sjefen ser for seg ei revolusjonerande utvikling med AMS, som inneber ein ny nasjonal infrastruktur. Med smarte målingar kopla til internett, vil det oppstå ei rekkje muligheiter for hus- og hytteeigaren, som t.d. å låsa dører og vindauga, og regulera varmen via mobiltelefon.
«er flink med innovasjon og it-løysingar
Muligheiter
Ei rekkje av landets energiselskap er i ferd med å førebu den omfattande utskiftinga av straummålarar. Lokalt er Haugaland Kraft, Skånevik Ølen Kraftlag og Etne Elektrisitetslag med i ei bransjegruppe som samarbeider om overgang til framtidas straummåling.
— Det vil vera behov for ein aktør som oss. Me ser store muligheiter til å vera med å utvikla og drifta denne nye teknologien, både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, seier Vikingstad.
Alt i inneverande år vil SYSCO ha ein organisk vekst til ca 150 millionar i omsetning, i tillegg kan det koma oppkjøp og fusjon. Veksten krev også fleire tilsette.
Finansdrifta
— Valet eg tok for halvtanna åra sidan om å bli med i SYSCO, var det einaste rette. Kambe AS var kome til eit punkt der me måtte ha eit større miljø for å få den utviklinga eg såg ville koma innan energisektoren, seier Tor Magnar Kambe.
Parallelt med smart straum-satsinga, er han opptatt av å vidareutvikla finansdrifta i Ølen der avdelinga har rundt ti tilsette. På kundelista for tenester innan rekneskap, lønn og it-drift, står rundt 150 bedrifter i Vindafjord og Etne. Dette er lokomotiv frå industri til fisk og transport.
— Også dette er eit område me vil veksa, og der me ser behov for å lokal rekruttering innafor økonomi og it framover, seier Kambe.