Ekteparet  Bent Arne Kvamme og Hilde Sandbekken klar for servering på Frøken Fryd ein søndag ettermiddag. Det er blitt ein populær samlingsplass i Skjold. Foto: André Hustoft Nesheim
Ekteparet Bent Arne Kvamme og Hilde Sandbekken frå ei reportasje i 2014. Foto: André Hustoft Nesheim

Berre ein Fryd

Frøken Fryd er ei dame av den uvanlige sorten.

Kombinasjonen kafé med sal av pyntegjenstandar, klede og andre smågåver slår an.

Hilde Sandbekken (44) har drive i Isvik i nærmare fem og eit halvt år, men det var for litt over eit og eit halvt år sida den fantastiske ideen kom, som gjorde kafeen til det den er nå:

— I 2012 vart dette lokalet plutselig for sal, og då måtte eg berre slå til, seier dama bak Frøken Fryd.

Heiv seg ut i det

Tidligare var butikken hovudsakeleg berre ein interiørbutikk, men den siste eigaren av dette lokalet ville at det skulle fortsette å vere kafé her, noko det har vore i nærmare 30 år.

— Hadde du noko erfaring med å drive kafé frå før?

— Nei, eg heiv meg vel litt ut i det, og visste ikkje heilt kva eg gjekk til, seier Hilde Sandbekken med eit smil om munnen.

Det er tydelig at ho også kan drive kafé.

Høge besøkstal

Kafeen like ved E134 har høge besøkstal. På ein vanleg sundag er det normalt at dei sel mellom 60 til 100 middagar. Og det er fleire som berre kjem innom for kaffi, kaker og bollar. Hjå Frøken Fryd er alt heimelaga, kan innehavaren konstatera.

— Ja, me lagar maten sjølve. Eg plar gjere mykje klart kvelden før og er her to timar før opningstid, slik at eg kan få bakt kaker og slikt.

— Korleis fungerer konseptet med å ha kafé og interiørbutikk i eitt?

— Det fungerer veldig fint! Målet vårt var at dei som kom for å besøke interiørbutikken skulle sette seg ned i kafeen, og at dei som kom for kafeen også kunne få med seg noko frå interiørdelen.

Her er litt av kvart for sal. Det som det går mykje av er ofte små gåver og andre pyntegjenstandar.

— Me sel mykje forskjellige små pyntegjenstandar, i tillegg til at me sel mykje te og andre små godter, seier Hilde. Me passar på å ta inn ting som folk lett kan kjøpe til kvarandre som gåver, som ikkje er så dyre, for eksempel til barneselskap.

Mange hjelperar

Med seg i kafeen har Sandbekken elleve til tolv forskjellige «hjelparar», nokre med større stilling enn andre. Seks av desse er jenter som jobbar etter skuletid og i helger. I tillegg har ho med seg ektemannen «Herr Fryd», som han også vert kalla, Bent Arne Kvamme. Han pendlar til vanlig til arbeid hos Arrow i Vats, men jobbar «dugnad» her når han kan.

— Eg er med på ettermiddagane, men mest i helgene når eg har fri, seier Kvamme.

På spørsmål om kva det er han liker, må han fint svara at han har ein ufattelig kjekk sjef og at det er kjekke folk og arbeida saman med.

— Eg held meg i butikken og serverer og står i kassen. Då får eg snakka med masse forskjellige folk, noko eg er særs glad i.

Det er altså ikkje «Herr Fryd», som lager maten. Då hadde dei nok gått konkurs, får me høyra av Marie Nagell Alne, som er ei av jentene som jobbar som ekstrahjelp.

Berre stopper på vegen

Solveig og Ole Sukka har stoppa for å få seg litt mat. Dei er frå Suldal og kjem nå frå Bergen.

— Me har aldri vert her før, men vart veldig positivt overraska, seier Solveig Sukka.

Dei har hatt seg kjøttkaker og oksesteik, og kosar seg med kaffi og dessert. Paret driv sjølv ei form for kafé på den gamle garden deira. Dei slutta med gardsdrift og byrja med å tilby ein god blanding av mat og kultur på den gamle garden deira i Suldalsosen.

— Det er Ole som lager maten, og me kan begge konstatere at dette var eit særdeles godt måltid.

Monica og Jone Kristjansson og Tove Lyngholm var også innom kafeen for fyrste gong i dag.

— Eg las om kafeen på Facebook og tenkte at det måtte prøvast, seier Lyngholm.

I dag er dei berre innom for ein kjapp kopp kaffi, då dei skal vidare i middagsselskap, men dei kan garantera at dei kjem tilbake neste helg for ein god sundagsmiddag.

 Ein ynda samlingsplass

Kafeen i Skjold har blitt ein ynda samlingsplass, ikkje berre for sambygdingar, men folk frå heile regionen. Den utvida opningstida på onsdagskvelden gjer og at det er fleire som tek seg ein tur innom med vennegjengen. Dei har òg skaffa seg skjenkebevilling, slik at folk kan ta sette seg ned og nyta eit glas med maten.

— Det var aldri tiltenkt slik at det skulle verta ein pub, seier Hilde Sandbekken og siktar til alle gjenstandane ho har i butikken.