Bookinga til sommarens store musikkfestivalar i Skånevik og Vikedal er i god gjenge. To nye namn er nå klare, båe norske namn som kling godt.
Rootsfestivalen har gleda av å presentera plateaktuelle Claudia Scott til Vikedal. Ho var nyleg gjest hos Lindmo på NRK i samband med nytt album etter å ha vore ute av rampelyset ei stund.
Claudia Scott har lenge vore sett på som ei av landets fremste songarar og låtskrivarar innanfor utrykket som i dag best blir omtalt som americana, countryinfluert musikk som også har tatt opp i seg element frå bluegrass, gospel, soul og rock.
Ho blei først kjent gjennom mange års samarbeid med Ottar «Big Hand» og Casino Steel. Seinare gjekk Scott solo og i 1992 debutterte ho med sitt første sjølvstendige album.
Rockar
Sirena er på når Skambankt inntar scena for å rocka under sommaren bluesfestival i Skånevik. Kvartetten frå Jæren er tilbake med ei fersk knippe signatursterke og varierte låtar.
Albumet Sirene er ein slagferdig og uimotståelig kombinasjon av moderne og klassisk hardrock. Bandet tilhøyrer elitedivisjonen av norsk rock, og denne posisjonen har dei erobra gjennom fire sterke album, med store rockelåtar som «O dessverre» og «Mantra», og ei årrekkje med høgoktan livejobbing i inn- og utland.
Skambankt har spela på Roskilde og Øya, saman med AC/DC på Valle Hovin, og bandet består av Terje Winterstøe Røthing, Tollak Friestad, Hans Egil Løe Abelsnes og Børge Sageng Henriksen.