Rootsen har sikra seg eit av Skandinavias beste livband, og fleire store namn vil etter kvart koma på plakaten.
Distriktet sine to store musikkfestivalar kjem stadig med nye artistnamn til sommaren arrangement. Medan Skånevik bluesfestival med Kent er i land med årets artistar, dryss arrangøren i Vikedal ut namn etter namn. Siste som nå er klare er svenske Bo Kaspers Orkester.
— Vikedal Roots Music Festival er stolte av å kunne presentera eit av Skandinavias aller beste liveband til årets festival. Med sin særeigne blanding av jazz, pop og latinamerikanske lyd, har bandet skapt sin eigen sjanger på den svenske popscena, og har blitt eit av dei aller mest populære livebandanda, seier bookingansvarleg Stig Morten Sørheim om Kaspers Orkester som kjem til Vikedal laurdag 19. juli.
20 artistar
Norske Claudia Scott, Bernhoft og Tommy Tokio er frå før stadfesta til Rootsen, i tillegg til blant andre Tupelo og The Kilkennys frå Irland.
— Med Bo Kaspers har me presentert åtte band. Totalt 20 artistar og band vil vera på den endelege plakaten. Så og seia alle desse er stadfesta, men me vil gå ut med eit nytt namn kvar veke, iallfall fram til påske, seier Stig Morten Sørheim som held korta tett i forhold til store internasjonale namn.
Jazz/rock
Bo Kaspers Orkester er eit svensk jazz/rock band som blei danna i 1991. Det består av Bo Kasper Sundstöm (vokal og song), Fredrik Dahl (trommer), Michael Malmgren (bass) og Mats Schubert (tangentar og gitar). Bandet har eit dusin album bak seg og har til saman selt over 1,5 million plater på verdsbasis.
Bandet er aktiv på turnefronten, og på lista framover står førebels stort sett svenske byar. Etter å ha tolka artistkollegaer i det svenske suksessprogrammet «Så mycket bätre» i fjor, har Bo Kaspers vore flittig på landevegen.
Siste plateslepp kom like etter jul med albumet «Så mycket Bo Kaspers Orkester» som er ei oppfølging av songaren Bo Kasper Sundström si deltaking i «Så mycket bättre».