Ein time fram

Det evige spørsmålet både sommar og haust er om klokka skal fram eller tilbake. Men dei aller fleste har truleg fått med seg at ein alltid skal skru klokka mot sommaren.

Det betyr at vi natt til søndag 30. april skal skru ein time fram, offisielt frå klokka 02.00 til 03.00.Deretter kan vi stole på klokka fram til 26. oktober når sommartida tar slutt.

Framover har vi lysare kveldar i vente ved at klokka er skrudd ein time fram. Det skal vere sunt for helsa og eit gode for arbeidet at ein har sommartid.

Tradisjonen med sommartid går heilt tilbake til 1700-talet i Europa. Men det har vore vanskeleg å bestemme seg, og ordninga har vore på og av. I 1965 sa Noreg farvel til sommartid, men gjeninnførte den i 1985, og slik har det vore sidan den tid.