Haugaland og Sunnhordland politidistrikt ber publikum om hjelp etter eit litt uvanleg tjuveri i Vindafjord.
Har du sett ein spesiell transport lang vegen, kan det vera dette politiet nå jaktar.
Det dreier seg om eit transportkar for levande fisk. Karet er ca 200 kg tungt, 2,23 meter langt, 1.06 m breitt og 1,08 meter i høgde.
Tjuveriet frå eit oppdrettsanlegg har skjedd i løpet av februar – mars.