Populære Anne Nørdsti fekk fart på dansefoten i Skjold Arena i fjor haust. Arkivfoto: Liv Astrid H. Hesjedal
Populære Anne Nørdsti fekk fart på dansefoten i Skjold Arena i fjor haust. Arkivfoto: Liv Astrid H. Hesjedal

Kan bli årets Gullsko

Skjold Arena i kamp om gjæv dansegalla-tittel.

Nettsida dedanseglade.no har gitt Dansegallaen i Skjold glimrande omtale etter suksesshelga i fjor. Nå er arrangøren, Skjold Arena med og tevlar om tittelen Gullskoen 2014.

Nettstaden har reist land og strand, og fortalt sine lesarar alt som er verdt å vita om dei mange dansegallaane. Av totalt 105 anmeldesar i 2013, har nettstaden valt ut 13 arrangørar som er med vidare i ein konkurranse.

Desse 13 kjempar nå om fire nominasjonsplassar som skal presenterast i aprilutgåva til De Danseglade. Her er det stemmene til dansefolket som avgjer kva arrangørar som kjem i superfinalen.

— Fredag 4. april er siste frist til å stemma, opplyser Jan Olav Landa i Skjold Arena.

Sjå utdrag av anmeldelsen av dansegallaen her:

http://dedanseglade.no/2013/vi-danset-til-anne-nordsti-i-skjold-arena/

Her kan du lesa meir om gullskoen:

http://gullskoen.no/2014/gullskoen-2014-arets-arrangor/  

Klar for Rune Rudberg

I år er det sjette gongen at Skjold Arena arrangerer Dansegalla.

Rune Rudberg Band er alt booka til arrangementet som går av stabelen 26. – 27. september. I tillegg er Knut Knutsen oppvarming- og pause artist.