Eit ekstraordinært årsmøte i Etne Elveeigarlag vedtok i går at det ikkje skal opnast for fiske etter laks og sjøaure komande sesong.
Vedtaket kom etter tilråding både får fagrådet og styret for elveeigarlaget, og vedtaket var samstemt.
Grunngjevinga for fiskestoppen er den svært negative bestandsutviklinga for Etne-laksen gjennom fleire tiår. Tilbakevendinga til dei vestnorske lakseelvane er halvert i løpet av dei siste 30 åra.
— Også for elva i Etne har pila peika klart nedover over lang tid, og fjorårets fangst var berre vel halvparten av gjennomsnittet dei siste 18 åra, opplyser Vidar Børretzen, leiar i Etne Elveeigarlag.
For fiskarane blir det ein tapt sesong, og lokalt betyr sal av fiskekort og ringverknader for handel, service og reiseliv, fleire millionar kroner.
Elva var også stengt for fiske i 2010 og 2011.