Den tidlegare europameisteren Hans Kristian Åsheim Havreberg tok gull i oppvisningsgreina Kata, og også i fullkontakt kamp i noregsmeisterskapen som vart avvikla i Haukelandshallen i Bergen. 17-åringen deltar i klassen for junior lettvekt.
Også ein annan representant for Etne Kyokushin Karateklubb gjorde det skarpt i Hordland sin hovudstad. Beathe Hegerland (24) tok også gull i fullkontakt kamp for kvinner lettvekt.