Meteorologisk Institutt sin målestasjon i Vats har registreringar tilbake til 1969, og februar 1990 er den einaste som slår årets middeltemperatur på 5,0 plussgrader. Toppnoteringa frå 24 år tilbake er 5,1 grader i februar.
Heile vinteren har hatt plussgrader i gjennomsnitt, og det er til dels store avvik frå normalen.
Svinøy fyr i Møre og Romsdal har hatt den mildaste vinteren i heile landet md 5,7 grader i snitt for dei tre vintermånadene desember, januar og februar, melder yr.no.
Bergen har hatt den mildaste vinteren på 153 år med eit snitt på 4,9 grader for dei tre vintermånadene. I februar i år var temperaturen på Svalbard 15 grader over normalen.
To i toppen
Januar var ikkje spesielt mild i Vats, og ein månadstemperatur på pluss 2,6 grader plasserer ikkje januar 2014 blant dei ti varmaste målt på stasjonen i Vats. Varmast i dei 45 åra målestasjonen har eksistert, er januar 1989 med 5,5 plussgrader.
Derimot var desember blant dei varme, og julemånaden 2014 hadde ein gjennomsnittstemperatur på 4,7, den tredje varmaste som er registrert i Vats. Det høgaste gjennomsnittet er 6 plussgrader i desember 2006.
Vats målestasjon: Temperatur (yr.no)
Månad Gjennomsnitt Normal
feb 2014 5,0 – 0,7
jan 2014 2,6 – 0,4
des 2013 4,7 0,9
nov 2013 4,4 3,5
okt 2013 8,9 6,2
sep 2013 11,9 9,7