Etne sin opningskamp i fotballens 4. divisjon fredag blei inga god oppleving. 1-4 stod det i protokollen i favør av gjestande Skudenes etter 90 minuttar.
Heimelaget opna friskt og Kristoffer Grønstad førte vertane tidleg i leiinga. Karmøylaget utlikna før pause, og etter kvilen kvitterte Stein Ove Eike for ytterlegare tre nettkjenning, éin av dei på straffe.
Kampen var prega av mange gule kort, og det enda også med to raude, eitt til kvart lag. Etnes Espen Grumheden blei utvist i det 45. minutt, og heimelaget måtte dermed spela halve kampen med éin spelar mindre.
Sterkt av Skjoldar/Vats
I 5. divisjon fekk Skjoldar/Vats 94 ein solid sesongopning heime mot Haugalandet. Resultatet blei 5-3 etter at det stod 2-3 ved pause.
Trenar Dag Inge Nordtveit er svært tilfreds med kampen. Han meiner dei hadde full kontroll i store deler av kampen, og trur laget har endå meir å gå på utover sesongen når dei får alle spelarane med.
Morten Frøland som i fjor spelte på Skjold, opna skoringskontoen, og Vegard Nordtveit auka til 2-0. Gjestene frå Haugesund kom betre med mot slutten av omgangen og kunne gå til pause med ei heldig leiing.
Etter sidebyte var det liten tvil om kor poenga ville hamna. Først utlikna Kristian Aas på straffe like etter sidebytte etter at Roger Vaka blei felt, før midtstoppar Øystein Eide la på to gonger.
Heile 120 tilskodarar møtte opp til opningskampen i Vats, og arrangøren stilte med grilling og gjorde kampen til ein stor fest.