Rådmannen i Vindafjord, Kristian Birkland går inn for at kommunen seier ja til Norges vassdrag- og energidirektorat om to lokale vindkraftprosjekt.
I torsdagens papir-/eavis av Grannar kan du lesa kva dei folkevalde i kommunen svarer til lokalavisa, og kva resultat det ligg an til før politikarane skal ta stilling til dei omsøkte prosjekta.
Alle i kommunestyret har fått spørsmål av Grannar om dei er for eller mot rådmannen som tilrår å seia ja til utbygging av vindkraft i Døldarheia og Bukkanibba.
Dette kjem også
I denne utgåva av Grannar kan du også lesa om eit unikt språkutviklingsprosjekt ved ein barnehage i Vindafjord, i samarbeid med Universitetet i Stavanger, om Friluftsrådet som løftar opp det flotte Osnes-området ved Etnefjorden, og om ull- og spinningtradisjonen som blir tatt vare på av ei bondekvinne i Imsland.
I tillegg har me vore og sett vellukka barneteater i Skjold, har intervjua ei dame i Sandeid som fyller hundre år, og fortel korleis Chris Jespersen skal feirast når han snart kjem heim til Skånevik.