Lærer om sunn mat

Bygdekvinnelaget i Imsland stiller opp for å læra dei yngste i bygda om sunn mat. Her får dei små kokkane læra om godt kosthald ved å laga maten sjølv. Det fell i smak både blant store og små.

Eimen av nysteikte havrekjeks fyller korridorane på bygdehuset i Imsland. På komfyren putrer havregrauten og snart er fruktsmootien klar for servering. Ein gjeng ivrige små kokkar er i full sving på kjøkkenet, og om ikkje så lenge er det duka for fellesmåltid der mat basert på sunne ingrediensar står på menyen.

— Dette er kjekt. Det er ikkje så masse arbeid heller, seier åtte år gamle Elise Rønnevik og jobbar ivrig med å miksa frukt og havregryn saman til ein sunn smootie. Den unge kokken synest matlaging er topp.

— Det er kjekkare å laga mat enn å rydda, legg ho til og kikkar på bordet som treng ei grundig ryddeøkt etter at oppdraget er ferdig.

Sunn matglede

Til saman elleve born i alderen 7 til 14 år har funne vegen til bygdehuset denne ettermiddagen. Saman med kyndig rettleiing frå medlemmer av bygdekvinnelaget, og med god hjelp frå foreldre, skal dei unge kokkane få læra korleis ein kan laga sunn og god mat.

— Dei lærer ved å sjå og prøva. Alle er så flinke og jobbar så effektivt. Dette elskar dei, seier bygdelagskvinne Liv Hoff Imsland og synest det er svært kjekt at foreldre stikk innom for å jobba saman med barna.

— Dette er eit flott tiltak. Det er bra at barna får læra seg å laga sunn mat. Dei følgjer oppskriftene og får det til, skryt mor og hjelpekokk Åse Vigdis Rønnevik som har sett av ettermiddagen for å hjelpa til.

Fellesmåltid

Etter at maten er ferdig og bordet dekka, er det tid for å smaka på godsakene. Vasskringle, havrekjeks, grove knekkebrød, havregraut havresmootie og heimelaga jordbærsyltetøy fell godt i smak hos både store og små.

— Eg har aldri smakt vasskringle før. Det var godt, seier Elise. Resten av gjengen rundt bordet er einig. Maten var god den.

Bygdekvinnelaget

Aksjon sunn matglede er Noregs Bygdekvinnelag si storsatsing dette året, og skal bidra til sunne matvaner og auka kunnskap om råvarer og matlaging. Borna lærer både i teori og praksis korleis ein kan ha eit sunt kosthald. Bygdekvinnene i Imsland synest aksjonen er ein flott ide og stiller gjerne opp med utvida kurs for skulen i bygda.

— Skulen har hatt lyst på eit nytt kurs i skuletida. Det stiller me opp til, seier Imsland og synest det er kjekt at interessa for er så stor.

Bygdekvinnelaget tel i dag 19 medlemmer og er eitt av to lag i Vindafjord kommune.

— Det finst eit lag i Skjold, elles ingen andre stader, seier Imsland og ynskjer fleire kvinner velkomen til laget.