Haugaland Kraft-direktør Olav Linga er godt tilfreds med utviklinga i 2017. 
Arkivfoto
Haugaland Kraft-direktør Olav Linga er godt tilfreds med utviklinga i 2017. Arkivfoto

Rekordresultat i kraft

Haugaland Kraft auka resultatet etter skatt frå 109 til 185 millionar.

Auka inntekter frå kraftproduksjon, breiband, høgare nettramme enn forventa og stort utbytte frå SKL, er dei viktigaste årsakene til den store resultatframgangen.

Driftsresultatet for 2013 var på 194 millionar mot 113 millionar året før. Samla omsetning i 2013 var  1,068 milliardar kroner mot 908 millionar året før.

— Årsresultatet på 185 millionar kroner er det beste i Haugaland Kraft si historie, skriv administrerande direktør Olav Linga i ei pressemelding.

Det blei i 2013 investert for 175 millionar. Tilsvarande tal for 2012 var 241 millionar. Totalkapitalen ved utgangen av året var på 2,844 milliardar kroner som gir ein eigenkapitaldel på solide 57 prosent.

Styret vil overfor generalforsamlinga føreslå eit eigarutbytte på vel hundre millionar. Sama avkastning for eigarane, blant anna Vindafjord kommune, vil inkludert renter på ansvarleg lån vera 120 millionar kroner.