Senterpartiet tapte kampen om vindkraft på fjelltoppar i Vindafjord. No er det opp til NVE å felle dommen etter at kommunestyret sa nei til to vindkraftverk.
Thrilleren rundt utfallet var ikkje over før representantane stemte i kommunestyret, og Vindafjord rår Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) til å seie nei til søknadene frå Lyse Produksjon AS og Haugaland Kraft AS/Fred. Olsen Renewables om konsesjon for Bukkanibba vindkraftverk og Døldarheia vindkraftverk.
Eg er lojal mot det partiet har bestemt. Men dette er inga god sak for Vindafjord
Med éi stemme i overvekt sa kommunestyret nei til dei to vindkraftparkane på fjellplatå mellom Vats og Sandeid, og Vats og Ølensvåg.
No er det opp til NVE om dei vil lytte til rådet frå Vindafjord.
Skilte lag
Senterpartiet har programfesta vindkraft lokalt i Vindafjord, og er det einaste partiet som står samla bak eit ja. Oversikta Grannar har presentert tidlegare, viste at kommunestyret var delt på midten. Innhopp av vararepresentantar kunne difor få betydning for utfallet.
Etter at Frp slutta rekkjene om eit nei til vindkraftparkane, vart det tommelen ned både for Døldarheia vindkraftverk og Bukkanibba vindkraftverk med 13 nei og 12 ja i avstemminga i kommunestyret.
Vindkraft er blant dei få sakene som har splitta ordførarkoalisjonen, og KrF og SV har skilt lag med Senterpartiet.
Det er KrF og SV som står bak forslaget som seier nei til dei to vindkraftverka, og som vart vedtatt.
Kraft kontra natur
Debatten i kommunestyret gjekk langs kjende stiar for ja og nei. Tilhengarane la vekt på at Vindafjord har eit ansvar for å bidra til meir fornybar kraft, og at tapet av natur er ein akseptabel pris å betale. Ja-fronten er opptatt av inntekter prosjekta kan gi lokalt, også i lomma til grunneigarar i dei aktuelle områda.
Nei-sida vil også ha fornybar energi, men ikkje ved å byggje vindturbinar i høgfjellet i Vindafjord. Naturen og innbyggjarane blir taparane i ei slik utbygging, blir det framheva.
Gruppeleiar for Ap, Reidar Håvås, var derimot mest opptatt av å seie nei på grunn av at lokalsamfunnet sit igjen med for lite verdiar i kroner. Vindafjord har som kjent ikkje lukkast med å få ein avtale med utbyggjarane som kan gi kommunen sikre inntekter.
Magekjensle
Høgre i Vindafjord er totalt splitta i synet på vindkraft, og Øyvind Haraldseid (ja) og Arne Matre (nei) har heilt forskjellige innfallsvinklar.
Senterpartiet, som er det klart største partiet i Vindafjord, stod last og brast om å gi klarsignal til vindkraftverka. Det gjorde også Kjetil Skartland (Sp), men ikkje med ei god magekjensle.
— Eg er lojal mot det partiet har bestemt. Men dette er inga god sak for Vindafjord, og eg har vondt av at vi skal byggje ut 16 kvadratkilometer i fjellet med vindturbinar som ein vil sjå frå mange kantar. Eg trur ikkje damene i kommunen er for dette, og ikkje ungdommen heller. Det er dei vi skal overlevere dette til, sa Skartland.
Delt råd
Gruppeleiar Arne Bergsvåg i Senterpartiet la vekt på at kommunen tidlegare har invitert utbyggjarane inn til kommunen ved å peike ut aktuelle område for vindkraft (i 2007 journ. anm.) Han fann ingenting i konsekvensanalysane som var avgjerande nok til å seie nei.
Sp-politikaren karakteriserer debatten som prega av synsing og kjensler. Han meiner NVE har fått eit tvetydig råd.
— Det er eit knapt fleirtal, og eit tidlegare samstemt kommunestyre har invitert til søknader i desse områda. Eg trur NVE vil leggje mindre vekt på rådet enn om det var eit klart nei-fleirtal, seier han til Grannar.
Ofra mykje
Gruppeleiar Terje Halleland i Frp var avskoren frå i delta i debatten på grunn av inhabilitet sidan han er observatør i styret i Lyse og vararepresentant i styret til Haugaland Kraft. Han har markert seg som motstandar frå dag éin, og stod tidlegare bak eit forslag om folkeavstemming.
— Eg er glad for at Frp bidrar til eit nei. Eg har full forståing for at grunneigarane vil ha inntektskjelder og det er synd for dei. Men i ei slik sak må ein vurdere kost-nytte for heile kommunen. Innbyggjarane i Vindafjord har alt ofra mykje for å skape arbeidsplassar, men det skal også vere ein god kommune å bu i, seier han.
Halleland har som fylkesvaraordførar i Rogaland stått bak vedtaket der fylket sa stopp for nye vindkraftverk, og viste til at Rogaland har overoppfylt vindkraftkvota.