Dame påkøyrd

Politiet fekk like før kl 17.30 torsdag melding om at ei dame i 80-årsalderen var påkøyrd av ein mørk bil med to ungdomar. Dette hadde skjedd i Ølen sentrum éin time tidlegare.

Ungdomane stansa for å hjelpa dama, men på det tidspunktet følte ho seg ikkje skada. I ettertid viste deg seg at den eine armen var brekt.

Lensmann Ingvar Gjærde ber førar og passasjar ta kontakt med Vindafjord lensmannskontor. Han etterlyser også vitne til uhellet.