Éin av 20 nordmenn har i dag betalingsmerknad. I realiteten er dette ein blinkande lampe som varslar om at du er ein dårleg betaler. Bankane gir sjeldan lån til desse, og det blir svært vanskeleg å få annan kreditt, for eksempel mobilabonnement.
Tal frå Intrum Justitia, basert på opplysningar frå kredittselskapet Bisnode, viser at 54.422 fleire nordmenn har fått betalingsmerknad sidan 2008 då finanskrisa var på sitt verste.
— Det er eit paradoks at talet personar med økonomiske problem aukar i Norge. Med auka velstand og eit historisk lågt rentenivå burde ein forventa det motsette, seier administrerande direktør Reidun Korsnes i Justitia.
Grannar på fredag
Les heile saka om luksusfella i neste utgåve av Grannar som kjem ut fredag. Der kan du også sjå tabell som viser situasjonen og utvikling rundt betalingsproblem i Vindafjord, Etne og dei andre kommunane i distriktet.
I dette nummer kan du også lesa om kven som har fått Pippi-rollene i Skånevik, om den politiske høyringa om industri i Vatsfjorden/Yrkefjorden, om nye Bryggebakken i Vikebygd, om at kai til Eikemo kan vera i hamn, og om kva som skjer ute på fjorden i Ølen i desse dagar. Og mykje anna!