Fredagens fotballkamp mellom Etne og Nord på heimebane enda med 3-0 i tap for Etne. Ein svak første omgang der motstandaren fekk inn tre mål let seg ikkje retta opp. — Me let minst seks store sjansar gå frå oss i andre omgang. Nord var eit lag slik eg forventa det, men me var for dårlege i første omgang, seier trenar Kjetil Bjørgen og håpar laget skal klara å spela seg opp resten av sesongen. — Eg har tru på laget og trur me kan leggja fire lag bak oss. Det er målet, seier trenaren etter tapet fredag.