Vatsbuane Håvard Nordtveit og Kristoffer Haraldseid får sjansen med flagget på brystet. Tysklandsproff Nordtveit er med i troppen A-landslagsjef Per-Mathias Høgmo tok ut tysdag.
Borussia Mönchengladbach med Håvard Nordtveit på laget, tapte siste seriekamp i helga. Dermed enda laget hans på sjetteplass og ingen plass i den europeiske meisterligaen.
Det norske A-landslaget skal ut i to privatlandskampar, først mot Frankrike 27. mai og så mot Russland 31. mai som viktig oppkøyring til EM-kvalifiseringa.
Samtidig blei FKH-spelar Haraldseid tatt ut av U21-landslagstrenar Leif Gunnar Smerud. Dette laget skal møta Aserbajdsjan 1. juni i EM-kvalifisering. Laget hans har fått ein elendig start på sesong og ligg blant dei siste på tabellen.