Hytteområdet i Håradalen og ekspressheisen sitt startområde i bakgrunnen.  Foto: Røldal skisenter
Mange frå Grannar-distriket liker å reise til Røldal og Håradalen for skiopplevingar. Arkivfoto: Røldal skisenter

Alpinanlegg aukar farten

Røldal skisenter investerer 40 millionar kroner i ny ekspressheis og blir blant dei største i landet.

Etter planen skal heisen stå ferdig alt før komande skisesong. Dagleg leiar Oddvar Bratteteig i Røldal skisenter opplyser at dei investerer i ein fireseters ekspressheis med komfortstolar. Med større fart tar det fem minutt å kome seg opp nesten 300 høgdemeter

Taubane Teknikk AS på Voss står for bygginga og arbeidet skal vere klart i løpet av november 2014. Kapasiteten i det kanskje mest snøsikre alpinanlegget i landet, blir auka med 35 prosent med den nye ekspressheisen.