Ein mann i 30-åra vart alvorleg skadd i eit fall i ein tank på oljeriggen Maersk Intrepid som ligg ved Westcon Yard. Foto: Jon Edvardsen
Ein mann i 30-åra vart alvorleg skadd i eit fall i ein tank på oljeriggen Maersk Intrepid som ligg ved Westcon Yard. Foto: Jon Edvardsen

Alvorleg skadd

Arbeidsulukka skjedde ombord i oljeriggen Maersk Intrepid som er under arbeid hos Westcon Yard i Ølensvåg.

— Han datt ned frå ein stige i ein tank på oljeriggen. Det var ikkje spesielt høgt, men han slo hovudet alvorleg og vart sendt til sjukehus med luftambulanse, opplyser lensmann Ingvar Gjærde i Vindafjord.

Uhellet vart meldt klokka 11.12, og politi, ambulanse og brannvesenet var raskt på pletten. To personar var i arbeid med å vaske ned ein tank då uhellet skjedde. Mannen i 30-åra er av utanlandsk opphav, og vart frakta i luftambulanse til Haukeland sjukehus. Skadane blir karakterisert som alvorlege.

Politiet er i  gang med etterforsking, og Arbeidstilsynet vart varsla.