Politiet fekk klokka 07.14 i dag inn melding frå eit augevitne som kunne fortelja at han hadde sett to båtar som han trudde kolliderte på fjorden. Den eine båten gjekk i følgje vitet ned, mens den andre båten sirkulerte litt før den byrja å segla nordover, melder redningsleiar Johan Mannsåker, ved Hovudredningssentralen på Sola.
Både Sea King helikopter, ambulansebåt og politi kom til staden, men klokka 09.30 er konklusjonen at det ikkje er personar som er sakna.
Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt, Norunn Byrknes opplyser at dei no har fått kontakt med båtførar av båten som gjekk nordover og han fortel at båten som gjekk ned, var ein båt han hadde på slep. Den byrja å ta inn vatn og det tok ikkje lange tida før båten sokk.
Byrknes seier at det ikkje er meldt om skadde eller sakna personar, men båtførarar må vera merksame på at det kan liggja ein del vrakrestar i Åkrafjorden.