Afrikanske Urige Buta som representerer HIL, tok ein oppskriftsmessig siger i konkurranseklassen i Ølmedal Rundt andre pinsedag. Den EM-uttatte løparen som er norsk statsborgar, fekk tida 20:44, over minuttet bak sin eigen løyperekord frå 2011. Skiskytar Lars Berge blei nummer to, vel eit halvt minutt bak vinnaren.
Dameklassen blei vunnen av Maryna Novik frå Vikedal som representerer IF Klypetussen. Ho var suveren i feltet som talte nesten 70 løparar. Herreklassen samla 120 løparar.
Ølmedal Rundt 2014 gjekk i strålande vêr og totalt 812 store og små deltakarar var med. Barneløpet samla nesten hundre, medan turklassen talte over 500.
Les meir om Ølmedal Rundt i torsdagens papir-/eavis.