Fredag gjekk det rette vegen for Bjørn Magne Moland Enge (36) då han køyrde seg opp til ein andre plass under Supportracet i Høljes. Dermed vart rallycrosskøyraren frå Sandeid, som køyrer for NMK Vikedal, beste nordmann under det svenske rallycrossløpet. — Eg sa før løpet at eg håpte på eit godt resultat, men at eg skulle bli nummer to og i tillegg beste nordmann er over all forventning, seier Moland Enge i ei pressemelding. Fredagens løp gjekk stort problemfritt, men han fekk litt problem i den eine omgangen med eit batteri utan straum. — Elles hadde eg tider gode nok til at det blei tredjespor i A-finalen, seier han.
I finalen gjekk Moland Enge direkte i alternativsporet, og utover jobba han seg oppover plass for plass. Han låg lenge bak Terje Morstad på tredje, men køyrde inn avstanden og greidde å passera då Morstad måtte innom alternativsporet.
— Eg har jobba med denne bilen i fleire år og har ulike problem. I år føler eg at eg endeleg har fått utteljing for arbeidet. Dette var stort for meg, seier ein glad rallycrossførar.
Svenske Mikael Dalberg vann løpet medan norske Terje Morstad blei nummer tre.