Brage Knutsson Halsnes (18) song seg inn i hjarta til publikum og jury med si innleving i sjølvskrevne låtar. Foto: Sirianne Vikestad
Brage Knutsson Halsnes (18) song seg inn i hjarta til publikum og jury med si innleving i sjølvskrevne låtar. Foto: Sirianne Vikestad

Klokkereint til topps

Brage Knutsson Halsnes (18) frå Tysvær kunne ikkje tru det då namnet hans vart ropt opp som vinnar av Grannekampen.

Han kom for å spela, syngja og ha det kjekt. Og med hans innleving i songane på scenen, vann han både jury og publikum med sine sjølvskrivne låtar under arrangementet fredag kveld på Etnemarknaden.

— Konkurranse eller ei, eg likar å syngja, og det er kjekt å få respons på at dette er noko eg kan fortsetja med. At det ikkje berre er eg som sit på guterommet og trur eg er flink, smiler ein noko overvelda Brage Halsnes.

Studioinnspeling

Prisen han vann er moglegheita til å spele inn eigne singlar i ABC-Studio, til ein verdi av 20.000 kroner.

— Eg gler meg til å jobba med profesjonelle folk, seier vinnaren.

Ei av låtane han spela, «Klokker», er allereie blitt spela inn, men guten frå Tysvær har mykje meir på lager. Musikk er det han lever for, og det å få ein slik respons frå publikum og jury der mellom anna Martin Halla og Shaun Bartlett sat, betyr veldig mykje.

God konkurranse

Brage Halsnes var imponert over nivået til dei andre deltakarane frå Sauda, Odda, Vindafjord og Etne, og meinte sjølv det var opent om kven som trakk det lengste strået.

Meir om dette kan du lese i måndagsavisa.