Opninga av Olalia Fjellstove 29. juni blei ein stor folkefest. Også seinare i sommar har det vore stor bruk av Haugesund Turistforening sitt stashytte. Arkivfoto: Sirianne Vikestad
Olalia Fjelstove er bnlitt ein populær utfartsstad for store og stå. Innsendaren likar ikkje at det skal serverast alkohol her. Arkivfoto: Sirianne Vikingstad

Stashytta imponerer

Hektisk sommar for nye Olalia Fjellstove.

Éin månad etter opninga kan Rolf Erik Svanberg, informasjonssjef i Haugesund Turistforeining, gleda seg over omsetning over all forventing ved Olalihytta.

Berre tysdag denne veka var over hundre personar innom hytta i løpet av dagen. Leiar i hyttevakta, Per Fatland, opplyser at Olalia Fjellstove, som er det nye namnet, i løpet av sommaren har nådd halve årsomsetninga til den gamle hytta.

Det er tent inn ca. 50.000-60.000 kroner i kiosk og ved overnattingar i sikringshytta

— Det er tent inn ca. 50.000-60.000 kroner i kiosk og ved overnattingar i sikringshytta. Til samanlikning hadde me litt over 100.000 kroner i årsomsetning på den gamle hytta, seier Fatland og legg til at dette lovar godt.

Utvidar menyen

Rolf Erik Svanberg er godt fornøgd med dette talet og planlegg nå korleis dei best kan drifta hovudhytta i haust.

— Det er framleis litt som skal på plass, og me diskuterer korleis me skal driva hytta med mellom anna mat og dugnad, fortel Svanberg.

I sommar har dugnadsfolk stått på slik at du som turgåar kunne setja deg nedpå med vaffel og kaffi ved hytta. Planen framover frå midten av august er å utvida mattilbodet med blant anna graut på laurdagar og søndagsmiddag.

— Salet i kiosken har gått overraskande bra. At det kan bli noko lapskaus, pizza og liknande ser me ikkje bort ifrå, berre det ikkje blir for komplisert for dugnadsfolka, seier Svanberg.

Stor aktivitet

Sjølve hovudhytta har vore stengt for overnattingar i sommar, men sikringshytta har vore open for alle. Hyttevakt Per Fatland, viser til at det i byrjinga av sommaren var litt tamt med overnattingar, men at det har tatt seg opp den siste tida.

— Me har hatt 40 overnattingsdøgn dei siste to vekene, og før det hadde me rundt 20 overnattingsdøgn.

Han viser til at det kjem folk frå alle stader, både norske og utanlandske turistar, så vel som lokale som tar seg ein kveldstur innover fjellet.

— Heile Haugalandet er representert, og ofte blir dei gjerne heile dagen og finn på ulike aktivitetar. Alt frå å gå toppturar, til å bada i elva sine kulpar og sklier, samt gå vidare gjennom Etnefjella. Me arbeider derfor for å gi ut betre informasjon om området, då slike ting ofte blir spurt om, opplyser Fatlande lattermildt og seier at det er «plenti» å jobba med.

Travel haust

Førespurnadar om leige til ymse arrangement er alt komme inn, og turistforeininga viser til at hovudhytta fram til haustferien er utleigd til skuleklassar, primært frå Haugesund regionen, i tillegg til interne kurs og fellesturar.

— Me har som målsetting å ha erfarne folk til stades som held oppsyn med hytta under ulike arrangement. Olalihytta er litt annleis enn andre turisthytter, då den enkle turisthytta no er bytt ut med ei moderne hytte med mykje tekniske løysingar. Å ha god oppfølging er derfor veldig viktig, seier Rolf Erik Svanberg.

Det skal også vurderast om hytta skal tilby eit konsept med matservering ved selskap og likande arrangement. Svanberg viser til aktuelle leverandørar i området, då dei gjerne vil ha tak i kortreist mat.

— Me kan ikkje basera oss fullstendig på dugnad, og derfor vil catering frå lokale leverandørar vera eit alternativ, meiner Svanberg.

Både han og hyttevakta Fatland ser fram til ein travel og spennande haust for Olalihytta, og ønskjer dugnadsvillige folk hjarteleg velkomne til fjellet.