Håvard Nordtveit blei kåra til ein av lagets beste då Noreg sitt landslag i fotball tapte mot England onsdag kveld. Kampen på Wembley enda 1-0 etter skåring på straffe av Wayne Rooney.
Tysklandsproffen frå Vats utgjorde midtstopparparet saman med Vegard Forren. Duoen kom godt frå kampen og blir av fleire norske aviser utropt som lagets beste, saman med spissen Joshua King.
Både VG og Aftenposten gir Nordtveit seks av ti poeng i si vurdering av hans innsats som forsvarar. Kampen var ein av hans beste på landslaget.
England køyrde over Noreg i første omgang, men etter pause kom nordmennene langt betre med.
Kampen med 40.000 tilskodarar til stades, eller ein halvfull Wembley i London, var generalprøve føre kvalifiseringa til EM 2016 som går i Frankrike. Alt tysdag får Noreg besøk av Italia på Ullevål til den aller første kvalifiseringskampen.
24 lag, mot 16 tidlegare, får delta i EM-sluttspelet, og Noreg har tatt mål av seg til å vera blant desse.
Italia er storfavoritt i tysdagens kamp der Håvard Nordtveit etter alle solemerke vil vera ein av dei elleve utvalte som startar oppgjeret.