Ikkje tap av fisk

For ei veke sidan varsla Marin Harvest om eit mogleg rømmingstilfelle frå anlegget i Lindvik i Vindafjord. Bakgrunnen var at oppdrettet oppdaga eit hol i ei not på anlegget.

Men i dag sende oppdrettsgiganten ut ei pressemelding om at ei oppteljing av fisk ikkje indikerer tap frå anlegget. Selskapet konkluderer difor med at eventuell rømming av oppdrettsfisk er svært begrensa.

Marine Harvest ser likevel alvorleg på hendinga, og samarbeider med Fiskeridirektoratet for å finne ut korleis holet i nota oppstod.