Det gjekk i fortaste laget for ei rekkje bilførarar medan UP hadde fartskontroll på E134 Knapphus måndag kveld. Då økta var over, hadde UP stansa 25 sjåførar for ulovleg fart i 60-sona.
23 av desse slapp unna med forenkla førelegg og kunne halda fram køyreturen, medan to fekk førarkortet inndrege på staden, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.