Campingvogna la seg over på sida i eit av dei sterke vindkasta. Foto: Anci C. TInde
Campingvogna la seg over på sida i eit av dei sterke vindkasta. Foto: Anci C. TInde

Tatt av vinden

Éin lettare skadd på Kyrping

Naudetatane er på veg til Kyrping i Etne kommune etter melding om at ei campingvogn er tatt av vinden. Lensmann Ingvar Gjærde opplyser at skadeomfanget førebels er ukjent. Dei første meldingane tyder på at éin person kan vera skade.

Ulykka har skjedd på campingplassen nede ved Åkrafjorden. Det er kraftig vind i området.

Siste:

Brannvesen, ambulanse og politi er nå framme på ulykkesstaden, inne på campingplassen. Det blæs så kraftig på staden, at det er vanskeleg å halda seg på beina i vindkasta, melder Grannar sin reporter.

Det var tre personar som budde i campingvogna, og to av desse var inni den då vogna velta. Haugaland og Sunnhordland politidistrikt opplyser at ein rundt elleve år gamal gutt kom lettare til skade, medan ei dame i 30-årsalderen blei kjørt til sjukehus etter å ha klaga over smerte i ryggen.