Sterk vind i natt

Politiet fekk ei rekkje meldingar om tre som velta i den sterke vinden natt til tysdag. Det kraftige uvêret førte til vanskar for trafikken ei rekkje stader etter at tre velta over vegen. Frå politiloggen:

Kl 0140: Tre i vegbanen – E134 Kyrping.

Melding om at det ligg et tre i vegbanen, sperrar meir enn halve vegbanen -Vegtrafikksentralen varslet.

Kl 03.40: Tre i vegbanen Rame, kommunalt veg i Etne.

Melding om at det ligg eit tre i vegbanen mellom Rame og Åsbøåsen på kommunalveg nr 31. Representant for Etne ommune varsla, og ville sørgja for at vegen blei rydda.

Kl 0340. Tre i vegbanen E134 Øvre Vats:

Melding om at det ligg to tre i vegbanen på E134, høvesvis på Solheimsletta og ved drivhusa aust for Knapphus. Vegtrafikksentralen varsla.

Kl 04.40: Stolpe i vegbanen på Steine, Etne. Melding om at ein stolpe ligg delvis over vegbanen ved Rygg/Steine i Etne. Stolpen heng berre etter leidningane. Varsling til ansvarlig straumselskap i Etne.