Tatt for råkjøring

Ein bilførar blei seint onsdag kveld tatt av UP i Vindafjord. Sjåføren blei målt til 131 km/t i 80-sona, men kjørte vidare, melder Haugaland og Sunnhordland politidistrikt.

Det viste seg at det var fleire forhold å gripa fatt i for politiet. I tillegg til råkjøringa er mannen anmeldt for å ha bore kniv, ført uregistrert motorvogn og for ikkje å ha stoppa på ordre frå politiet