Daniel Holten sikra seg bronse samanlagt i den ny rallycrosserien RXLites som vart avslutta med finale i Tyrkia i dag. Foto: Holtenmedia
Daniel Holten sikra seg bronse samanlagt i den ny rallycrosserien RXLites som vart avslutta med finale i Tyrkia i dag. Foto: Holtenmedia

Tok bronse i Tyrkia

Med femteplass i Instanbul tok Daniel Holten bronse samanlagt i det første meisterskapet i RXLites.

RXLites er ein ny rallycrosserie som har sin debut i år, og som blir køyrd parallelt med WorldRX. Fem løp har gått i Europa og finalen i Tyrkia no i helga.

— Eg låg lenge på tredjeplass i finalen, men eg vart snurra rundt og det vart ein femteplass, seier Daniel Holten.

Han er godt nøgd med både femteplassen i Instanul og at han tok bronse i dei seks rundane samla.

— Det vart ein tett kamp heilt til slutt, og sjølv om om det berre var to poeng opp til sølvplassen, er eg veldig godt nøgd med at eg greidde bronsen, seier han i ei pressemelding Holtenmedia sende ut frå tyrkiske hovudstaden i ettermiddag.

RXLites har hatt rundane i Portugal, England, Finland, Italia og til sist Tyrkia.