Politiet melder fredag kveld om mange påkøyrslar av vilt i politidistriktet. Både hjort og rådyr er påkøyrd i Sveio, hjort på Stord og i Ølensvåg var det ein uheldig rev som måtte bøta med livet.
Operasjonsleiar ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt oppmodar folk til å køyra varsamt slik at ein unngår fleire.