To til sjukehus

Blålysa blinka i Etne torsdag kveld etter at det blei meldt om ei trafikkulykke ikkje langt frå sentrum rundt kl 20.30.

Ifylgje operasjonsleiar Svein Roald Vikse ved Haugaland og Sunnhordland politidistrikt var det to kvinner i 80-årsalderen i bilen som hamna ti meter utafor vegen.

— Dei to skadde er frakta i ambulanse til sjukehus. Meldingane tyder på at det ikkje er snakk om alvorleg personskade, seier Vikse.

Utforkjøringa skjedde på ein sideveg til E134 like vest for Etne sentrum.