Jespersen kom inn til ein 17. plass på 15 kilometer jaktstart klassisk på Lillehammer i dag. Han gjekk ut som nummer ni, og han vart innhenta av åtte konkurrentar som gjekk ut etter han frå start.
Etter den solide sjetteplassen på 10 kilometer fristil i går, var det forventningar før start i dag.
Men han var ikkje heldig i ein elles solid norsk dag med nordmenn på dei fem første plassane. Også i dag stod Martin Johnsrud Sundby på toppen av pallen, deretter Finn Haagen Krogh og Sjur Røthe på tredjeplass.
Jespersen gjekk ut 54 sekundar etter førstemann, og i mål var han 1.19.9 bak toppen. Skånevikbuen var den 28. beste i sporet i dag, der Didrik Tønseth imponerte med størst fart av alle og gjekk seg opp til ein 5. plass.